Gøy på Barneidretten!

Posted by ingvill
apr 03 2011

Ein gong i veka samlast 4-7-åringar seg for å hoppa, springa, svømma, turna, klatra og ha det gøy! Som oftast er vi i gymsalen der vi får utfalda oss og rasa rundt, men vi fartar også rundt i kommunen så dette er eit veldig allsidig tilbod for borna på Havnås. 

I Båstad er vi på skøytebanen og på Skjønhaug er vi i svømmebassenget eller på Turnlåven. Vi er også ute – anten for å aka evt gå på ski eller gå på tur. Då grillar vi pølser og kosar oss, store som små!

Når våren nærmar seg betyr det karnevalstid for Barneidretten og her dukkar det opp prinsesser, superheltar, løver, klovnar og til og med spøkelser….UHU! Litt skummelt kanskje, men veldig spennande!

Før jul har vi juleavslutning i koseleg juletrelandskap og då høyrer sjølvsagt pepperkakar og gløgg med. Men høgdepunktet er når sjølvaste julenissen kjem med sekken sin….

For mange spretne born er Barneidretten høgdepunktet i veka og vi er veldig glade for å ha eit slikt tilbod.

You must be logged in to post a comment.

Trackback URL for this entry